Bøkkerfaget i endring og utvikling?
Tønnegarden står i dag i ein kritisk situasjon der marknaden for tradisjonelle furutønner til fiskerinæringa er i ferd med å bli fasa ut. Sidan sildefisket vart kraftig redusert i starten av 1980 talet, og plasttønner tok over for tretønna til salting, har det vore eit nokså stabilt behov for tretønner til torskerogn og kaviarproduksjon. No er det varsla at også torskerogna skal saltast på plasttønner. Dette trugar både verksemda si framtid og vidareføringa av verdifull handverkskompetanse innan bøkkarfaget.
Tønnegarden har over tid arbeidd med å finna nye marknadar og ein ser eit aukande behov og interesse frå sider- og drikkevareprodusentar for fatlagring. Det finst lite kunnskap om å laga tønner av norsk eik og det manglar kunnskap om korleis norsk eik eignar seg til produksjon av tønner for drikkevarer. Kanskje kan slike fat gje særpreg og unike smakseigenskapar til norsk sider og vin? Å lage eiketønner er noko heilt anna enn furutønner og krev forholdsvis store investeringar og endringar.
Oddvar har jobba systematisk med ulike bidragsytarar til prosjektet, og det første steget var å få tildelt kr.100.000,- frå Bjørnafjord-fondet i oktober 2023 til å starte eit forprosjekt og knyte kontaktar med ulike materialleverandørar, og innkjøp av forsøkseik.
I 2025 vart det jobba med søknad om Forregionmidlar frå Vestland fylkeskommune, og Lisbeth Iversen frå Handlaga har vore til god hjelp i søknadsprosessen. Her fekk Tønnegarden positivt svar og tildelt kr. 400.000,- det meste til innkjøp av tenester frå NIBIO. Prosjektet heiter «Smaken av norsk eik» Her skal me få ei grundig forsking på den norske eikematerialen hjå NIBIO si treteknikk avdeling på Ås, det skal forskast på ulik toasting, og NIBIO si avdeling på Lofthus skal teste den ferdig lagra sideren. Prosjektet er i gong, Oddvar utviklar for tida ulike jiggar og malar til 225 liters eikefat, og materialprøvar er sendt til NIBIO sin lab.
Det krevst store investeringar å kome i gong med omstilling og utvikling av ny produksjonslinje. Det har derfor vore jobba med søknad til Innovasjon Norge, men før ein kan søkje om investeringsmidlar må ein søkje om støtte til marknadsavklaring. -Er det marknad for dei nye produkta, og er det verdt å gi investeringsmidlar til prosjektet? I april 2026 fekk Tønnegarden tildelt kr.150.000,- til innkjøp av tenester, og NIBIO vil også her bidra og skal drive marknadsundersøkinga som trengs

Oddvar har i fleire år søkt om handverksstipendiat hjå håndverksinstituttet for å få til eit større prosjekt og ei tydeleg ramme kring prosjektet, i mai 2026 fekk han tildelt det tre-årige stipendiatet og har oppstart med dette 1. september. Dette gir eit økonomisk rom for utvikling. I løpet av stipendiatperioden skal Tønnegarden utvikle nye eikefat/ fat av andre norske treslag, samt gjenbruke materialar frå brukte, utrangerte 500 liters Aquavit-fat til mindre fat som t.d. 40 liters småfat. Her vert det jobba med ein avtale med Anora om overtaking av utrangerte fat, og materialar frå dei første 30 fata er no på plass på Tønnegarden.
Oddvar har dei siste 14 åra jobba på Fusa Vidaregåande som lærar i mekaniske fag i større og mindre stillingsprosent etter behov. Ved tildeling av stipendiat, har han sagt opp stillinga ved skulen, og vil frå 1. september vera på heiltid på Tønnegarden, for å sikra at bøkkerfaget framleis har ei framtid.





