Ulvik i Hardanger

SYSE GARD

Mellom fjord og fjell innerst i Hardangerfjorden finn du Syse Gard eit familiedrive vestlandsbruk med gode forhold for fruktproduksjon. Her vert det dyrka moreller, plommer og eple. Frukt og lammekjøt vert foredla og selt i eige gardsutsal. Ynskjer du ei omvising er dette mogeleg å bestille.

Nyskapande gardsmiljø

SYSE GARD

Gro og Hans driv garden som femte generasjon av familien. Dei overtok i 1999, og har sidan den gong bygd opp Syse gard slik du kan besøke den i dag.

Produkt frå frukt og lam laga etter gamle tradisjonar finn du i gardsutsalet i tillegg til nyare produkt.
Alt er foredla frå råvare til ferdig produkt på garden.

Me tilbyr omvising med smaking på garden. For grupper med omvising kan me og servere mat frå eigen gard. Velkomen inn på tunet!

Livskraft og tradisjon i et nyskapande gardsmiljø. Besøkende kan være med på ei guida vandring på garden og få oppleve frukt og lamma si reise fra råvare til ferdig produkt. Reisa endar i visningsrommet med smaking. Etterpå er det høve til å handle i gardsutsalet, der du kan kjøpe med deg produkt frå garden, laga med lidenskap og flid.

SYSE GARD

Apalvegen 104
5730 Ulvik

Telefon

416 49 906
476 30 368

E-post

syse.gard@online.no

Åpningstid

Etter påske til jul
Man – fre 10.00-17.00
Laur 10.00-14.00

Ellers i året ta kontakt

Frukt/sider

Femte generasjon

Fruktplukking, røyking av kjøtt, produksjon av syltetøy og hermetiske plommer, produksjon av eplemost og sider, smaking av produkta dei lagar på garden.

Eplemost, sider, syltetøy, hermetisk frukt, fenalår, spekepølse, pølser , frukt i sesong, saueskinn , tørka eple m.m.