Balestrand i Sogn

CIDERHUSET

Langs dei irrgrøne liene opp frå Sognefjorden ligg frukthagar med ideelt jordsmonn, nok vatn, mild temperatur og med lysrefleks frå fjordspegelen. Dette Sogn sitt «terroir» vart oppdaga tidleg, for her er aldinshagi og eplagard nemnt alt frå 1100-talet – for første gong i norsk historie.

Cider frå Sogn

CIDERHUSET

Å dyrka frukt og laga cider heng tett saman her i Sogn. Bestefar Andreas Eitungjerde planta ut frukthagen i 1922 og hadde sin eigen vinkjellar på småbruket der Ciderhuset står i dag.

Balholm er drikke av frukt og bær som bygger på kunnskapen og tradisjonen i Sogn. Pressing og tapping skjer i det gamle fruktlageret 200 m frå Ciderhuset, der gardsbutikken har over 30 sortar lokal fruktdrikke.

I Ciderhuset er eplet både handverk og lidenskap. Her kan du smaka fruktmost, cider, fruktvin og fruktbrennevin og få kunnskap om ulike ciderstilar og om destillering. Det finst mange overraskande forteljingar om eplet og om fruktsortane i verda.

I landet sin einaste ciderrestaurant blir maten tilpassa dei ulike ciderstilane. Ciderhuset ynskjer velkommen inn i eplet si smakfulle verd!

CIDERHUSET

Sjøtunsvegen 32
6899 BALESTRAND

Telefon

90 83 56 73

E-post

post@ciderhuset.no

Åpningstid
20.05 – 20.09

Man – Lør:
13.00 – 18.00
Ellers i året – ta kontakt.

Eple og Cider

1922

Formidling og cidersmaking

Cider, fruktvin, juice